Resultat Sunde skule

Postet av Førde Idrettslag den 29. Apr 2026

Over 60 registererte deltakarar på orientering på Sunde skule onsdag 29.4. Løypevinnarar: C kvinner Margun Leknes Gryte, C menn Anders Mallasvik, B kvinner Synnøve Husevåg-Lobben, B menn Kenneth Husevåg-Lobben, A kvinner Vena Fristad, A menn Laurenz Elstner. Fullstendig resultatliste med strekktider og vegval finn du her.

Neste nærløp vert 6. mai med oppmøte Førde vidaregåande skule. Løpet av lagsmeisterskap sprint.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 





O-løp Sunde skule 29. april

Postet av Førde Idrettslag den 28. Apr 2026

Nærløp i sprint frå Sunde skule onsdag 29. april kl 18.00. Løyper for alle - også for dei som ikkje har prøvd før. Påmelding på Eventor innan kl 1400 onsdag. For nye løparar passar det fint å melde seg på ved frammøte. Velkomen!

Påmelding Eventor.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest 





O-leir/samling og løp Askvoll

Postet av Førde Idrettslag den 26. Apr 2026

8. - 10. mai inviterer Askvoll IL og Førde IL-Orientering til O-leir/samling og løp i Askvoll. Bildet er frå samlinga på Værlandet i 2025. 

Askvoll IL står for løpa, laurdag og søndag. Lenke til meir info og påmelding finn de her: Sprint / mellom.

Førde IL-Orientering held O-leir og samling for born og ungdom.

Samlinga for ungdomen startar fredag kveld og held fram til søndag. Her inviterar vi og ungdomen i Hordaland og Møre og Romsdal. 

O-leiren for borna er frå laurdag til søndag, og er meint for borna i S&Fj. Er der familiar med både born og ungdom frå nabokrinsane, ta kontakt med oss så ser vi om vi får plass til alle.

Meir om leiren / samlinga kan de lese ved å trykke på lenka.




Solrikt og folkerikt på Halbrend

Postet av Førde Idrettslag den 23. Apr 2026

67 løparar registrerte seg på o-løpet på Halbrend skule onsdag 23.april. Sprintløp der løypeleggar hadde lagt inn fleire alternative vegval som gav utslag. 

Løypevinnarar: A løype kvinner Vena Fristad, A løype menn Laurenz Elstner, B-løype kvinner Synnøve Husevåg-Lobben, B-løype menn Martin Olai Spjutøy, C løype kvinner Sigrid Botnen, C løype menn Anders Mallasvik.

Fullstendig resultatliste med strekktider og livelox for vegval finn du her:   

Neste nærløp vert onsdag 29. april på Sunde skule. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




O-løp Halbrend skule 22. april

Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2026

Nærløp orientering på Halbrend skule onsdag 22. april kl 18.00. Sprint. Løype A er 2 km, B 1,5 km, C 1,4 km og nybyrjarløype på ca 0,7 km. For A-løype (vidarekomne) vert kart delt ut ved start. Dei andre løypene får kart ved frammøte. 

Dei som har høve til det melder seg i Eventor. Link her. Frist kl 14.00 onsdag. For andre er det høve til å melde seg på ved frammøte. 

Velkomen til alle. Spesielt om du ikkje har prøvd orientering før! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest